Gangaren
Stiklestad-tonane: dikt 1961.
Eg tenkjer meg heimatt ein gong til deg, du breie og byrge dal. Men gangaren veit ikkje tid og veg og ber ikkje taum og sal. Og likevel tråvar han dag og natt i tvisprang dei ville fjell. Og aldri han finn det for tungt og bratt ved gry og når sola fell. Men steng ikkje dør for mitt vesle kvad når fugl finn si heimetuft. Han set seg i tårnet på Stiklestad og kvitrar i vårblå luft. Dit fram vil nok gangaren nå ein gong, og der vil eg stige av ein vårdag med jublande fuglesong og sol over nydekt grav. |
![]() |
skrevet av Bjarne Slapgard
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |